EVOY1 IN GEIRANGER FJORD

Sunnmøreposten came to talk with Evoy in this beautiful Fjord of Norway.

Gerianger Evoy1

Here is an extract from the article in Norwegian:

– Miljø er ein stor grunn til at eg satsar på dette. Eg har to døtrer, på fire og sju år og er ikkje veldig optimistisk når det gjeld klima.

Det seier Leif Stavøstrand, som starta firmaet Evoy saman med far sin i Florø. Dei har utvikla elektrisk køyresystem for raske båtar, med batteri frå USA og motor frå Tyskland.

19. og 20. oktober gjekk dei første kommersielle turane med prototypen.

Kjetil Hantveit i Fjordguiding AS har drive med fjordturisme i Geiranger sidan 2007. Han meiner det er på tide å sette ein standard.

– Vi opererer med fire RIB-båtar, og i 2020 skal alle desse vere elektriske. Det er målet, fortel Hantveit.

Samarbeider med Aida Sol

– Cruisenæringa har eit stort økonomisk ansvar for grøn omstilling.

Det seier Laura Geraci som er aktivitets- og utfluktssjef ved cruiseskipet «Aida Sol».

Båten glir nesten lydlaust ut på fjorden. Det støyar noko frå drevet i høgare hastigheit, men dette er ein prototype, og Evoy skal få has på det. Eksos er naturlegvis ein saga blott. Ein gjeng frå leiinga ved «Aida Sol» er heldige: i staden for å sitte inn på skipet, får dei nyte kveldssol og fossefall som del av ein frisk og fartsfylt RIB-tur.

– Næringa veks seg større og større. Vi må promotere dei miljømogelegheitene som finst, meiner Geraci.

Om den elektriske RIB-båten, seier ho følgjande:

– Det er lite skritt i rett retning, men i det minste er det eit skritt.

Leiargruppa består av tyskarar og Hantveit snakkar med dei på engelsk. Vi må ikkje ende opp som «the bad guys», vi må gå føre, seier han.

Han fortel om kravet frå Stortinget: Innan 2026 skal alle cruiseskip gå utsleppsfritt inn i Geiranger- og Nærøyfjorden som står på UNESCOS verdsarvliste. Om det er mogeleg, står att å sjå.

– Uansett, nokon må pushe for at vi skal få forandring, seier han til delegasjonen.

Vil ligge i tet

Det var ein felles bankforbindelse som tipsa Stavøstrand og Hantveit om at dei kunne ha samanfallande interesser. Dei begynte samarbeidet for 1,5 år sidan.

Evoy AS har fått stønad frå Innovasjon Norge.

– Vi har kjempeambisjonar, og vil gå globalt etter kvart, seier Stavøstrand til Sunnmørsposten.

Han fortel at han gjerne skulle snakke med Elon Musk – gründeren bak Tesla, som har tatt batteriteknologi til neste nivå. Per no klarer den elektriske RIB båten turar på ein time. Evoy ønsker naturlegvis å auke rekkevidda.

Hantveit i Fjorguiding fortel at batteribankar på land sannsynlegvis vert ein del av Geiranger-løysinga.

Fjordguiding håpar på 50 prosent støtte frå Enova, fordi dei satsar på miljøteknologi. Den andre halvparten av kostnadene vil dei klare sjølv, ifølge Hantveit.

– Ladeinfrastruktur er det som vil koste mest, seier han.

Han poengterer overfor Sunnmørsposten at elbilrevolusjonen før eller seinare vil nå sjøen.

– Hugs at det no blir seld fleire elbilar enn andre bilar her til lands. Dette kjem over alt. Men det kjem ikkje av seg sjølv.

Read the full story in Sunnmøreposten about Evoy1 in Geiranger fjord (requires subscription).

Spread the word

ALWAYS FIRST

Be the first to get Evoy news, product updates and events. Choose your options.

WELCOME!

get the news first!

Join our newsletter to get the latest updates from Evoy!

Enter your email *